Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Om biblioteket > Biblioteket si historie

Biblioteket si historie

I 1834 vart det skipa eit ”Læseselskab” i Ulstein. Soknepresten styrde boksamlinga og det var truleg også han som fekk den i stand. Utlånet gjekk føre seg i kyrkja etter gudstenesta. Retten til å låne bøker var svært avgrensa, berre bønder på matrikulert jord kunne låne. Etter kvart vart låneretten utvida til andre menn; ”Pladsmænd, Kaarmænd og Drænge”. Boksamlinga vart etter kvart finansiert delvis av det offentlege, delvis av brukarane.

I 1946 gav Magnus Bjørndal byggetomt og oppretta eit fond til bibliotekbygg i Ulstein kommune. Bygget stod ferdig midt på femtitalet, men vart nytta til skuleformål i mange år. I mellomtida heldt biblioteket til i fleire lokale i sentrum, på kommunehuset Sjøborg, klasserom på Bjørndals minne, kjellar i bustadhus, eit rom i det nye rådhuset og kjellaren på samfunnshuset. I 1979 kunne så biblioteket flytte inn i eige hus i Bjørndals minne.

I 1952 var det skulestyrar Reinhard Høydal som også var styrar av folkeboksamlinga. Dette året lånte biblioteket ut 1900 bøker, opningstida var 3 timar i veka og boksamlinga var på 2021 bøker. Budsjettet var på 3,500 kroner. Bibliotekstyret bestod av to unge menn i tjueåra.

Frå 1961 til 2001 var Paula Urke biblioteksjef i Ulstein kommune. I løpet av desse åra var det ein stor auke i samlinga som no inneheld bøker av alle slag, lydbøker, filmar, språkkurs, aviser og tidsskrift.

Utlånstida vart auka til 6 dagar i veka og biblioteket disponerte etter-kvart heile huset.

I 2012 har Ulstein bibliotek ei mediesamling på over 37.000. Utlånet var på 31.000 og rekneskapen var på 1,461.166 kroner. Utlånstida er no 26 timar i veka.

Bjørg Høie.

Gradvis opning frå tysdag 12. mai: NB: kun 10 besøkande om gongen i maks eitt kvarter.

  • Måndag, tysdag og fredag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 11-18

Telefon: 70 01 02 95

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no