Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Kven er du? > Tilsett i barnehage/skule

Tilsett i barnehage/skule

Tilsett i barnehage/skule

Jobbar du i ein barnehage? Eller er du lærar? 

Ta kontakt for

  • Bokkasser
  • Barnehagebesøk
  • Klassebesøk
  • Lån av klassesett

Bokkasser
Vi plukkar bøker både til barnehagar og skular. For å lage bokkasse som skal passe til dykk vil vi gjerne vite:

  • Kor mange elevar det er i klassa
  • Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
  • Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (til dømes om det er mange som treng lettlestbøker)   
  • Om de vil ha  skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
  • Spesielle emne i skjønnlitteratur
  • Vi prøver alltid å få med ein del nynorske bøker, men om det er særs viktig at mange av bøkene er på nynorsk, er det fint om de seier ifrå om det

Barnehagebesøk
 Vi oppmodar barnehagetilsette til å ta med borna til biblioteket slik at dei heilt frå dei er små blir kjende med bøker og biblioteket. . Ring oss for å avtale tid.
Borna kan gjerne ete maten sin på biblioteket. 

Klassebesøk
Vi set stor pris på at skulane kjem og låner bøker, lydbøker og film. Elevar som ikkje har lånekort vil få det.

Ta kontakt for å avtale klassebesøk. Vi gjer elevane kjende med biblioteket og har bokprat etter ynskje.

Klassesett 
Ulstein bibliotek har ikkje klassesett i si samling, men vi låner inn gratis til deg frå Fylkesbiblioteket i Ålesund. Sjå oversikt over klassesett.

Skular og barnehagar får automatisk 8 veker lånetid på bøker og lydbøker.

Ta kontakt på

Telefon 70010295

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no

Gradvis opning frå tysdag 12. mai: NB: kun 10 besøkande om gongen i maks eitt kvarter.

  • Måndag, tysdag og fredag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 11-18

Telefon: 70 01 02 95

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no