Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Ulstein bibliotek legg vekt på å samle og ta vare på lokalhistorisk litteratur, ta vare på alt som er skrive av og om ulsteiningar.

Vi har også bygdebøker og årsskrift frå nærliggande kommuner. Andre bygdebøker låner vi inn frå andre bibliotek.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Ulstein. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

BØKER: Skjønnlitteratur: Vi har som mål å ha alle romanar, noveller og dikt skrive av ulsteiningar.

Faglitteratur: Vi har også som mål å samle alt som er skrive om Ulstein og Ulsteiningar. Vi har biografiar, jubileumsskrift om ulike lag og organisasjonar, skular, bedrifter m.m. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå sogelaga i Ulstein kommune. Bygdebøker og årsskrift har vi også frå ein del andre kommuner på Søre Sunnmøre og Nordfjord

AVISER: Vi har Vikebladet i papirutgåve ordna i kassettar etter årstal. De eldste årgangane er innbundne.

Biblioteket er stengt til etter påske.

Tlf.: 70 01 02 95

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no