Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ulstein bibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Det finst bøker med enkel tekst, stor skrift, enkelt innhald, bøker med bilde og bøker med lyd. Du finn bøker med punktskrift, følebilder, symbolspråk og teiknspråk.

Desse bøkene står samla i eigne hyller. Du finn både skjønnlitteratur og faglitteratur. Vi kan hjelpe deg til å finne fram til det som passer - til dømes om du er uvant med å lese, har eit anna morsmål, dysleksi e.l.

 

Har du lesevanskar?

Vi har bøker som passar for deg. Du finn lettleste bøker både for barn, ungdom og vaksne.

Storskriftbøker

Bøker med tydlegare skrift og meir luft mellom linjene.

Enkel tekst

All tekst er meir eller mindre vanskeleg. Somme forfattarar har eit lettare tilgjengeleg språk enn andre. Av og til kan det enklaste vere det beste. Med enkel tekst står ikkje språket i vegen for innhaldet.

Enkelt innhald

Desse bøkene er både lette å lese og lette å forstå. Somme har ein del tekst, andre har mest bilde.

Punktskrift og følebilde

Desse bøkene er tilpassa menneske med synshemming. Best for deg som ser verda gjennom fingrane.

Bliss og piktogram

Ikkje alle trivst med vanlege bokstavar. Bliss og piktogram er to ulike symbolspråk som skriv ord i stadenfor bokstavar. Mange synest at symbolspråk er lettast å lese.

Teiknspråk og teikn til tale

For teiknspråkbrukarar fins det bøker med teiknspråk (bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde. Vi har ikkje mange bøker sjølv, men kan kjøpe eller låne inn frå andre.

 

Gradvis opning frå tysdag 12. mai: NB: kun 10 besøkande om gongen i maks eitt kvarter.

  • Måndag, tysdag og fredag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 11-18

Telefon: 70 01 02 95

Epost: bibliotek@ulstein.kommune.no