Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Surnadal folkebibliotek > Kven er du? > Ny i Noreg > Kva kan biblioteket gjere for deg?

Kva kan biblioteket gjere for deg?

Viss du er ny i Norge, kan det vere greitt å vite at ditt bibliotek er opptatt av at du trivst her. Biblioteket er tenesta folk i lokalsamfunnet er mest fornøgd med, så du bør stikke innom!

Kva kan biblioteket hjelpe deg med?
  • Vi har eller kan skaffe kurs i norsk på ditt språk, samt ordbøker.
  • Vi har eller kan skaffe bøker på ditt språk, eller du kan bestille dei sjølve på Samsøk. Vi kan vise deg korleis.
  • Vi har lettleste bøker på norsk, og nokre kan du høyre på samtidig.
  • Vi har eller kan skaffe barnebøker i ditt språk, eller du kan skaffe dei sjølv via Samsøk.
  • Du kan hjelpe barnet ditt til å ta vare på morsmålet ved å lese barnebøker.
  • Vi er flinke til å finne filmar på ditt språk, eller filmar på norsk som er lett å følgje med.
  • Viss du vil fordjupe deg i norsk, har vi tilgang til studiemateriell.
  • Vi kan hjelpe deg med materiell til utdanningsprogram.
Berre på besøk?
  • Medan du besøker familie eller vennar kan du låne bøker på ditt språk.

Telefon: + 47 71 65 93 00/71 65 93 01
Email: biblioteket@surnadal.kommune.no

VELKOMEN!

 

 

Klikk på flagget for tekst på andre språk