Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sandøy folkebibliotek > Om biblioteket

Om Sandøy folkebibliotek

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen. Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Sandøy bibliotek er eit kombinert folkebibliotek for Sandøy kommune og skulebibliotek for Harøy Skule. Det inneber at biblioteket er ein pedagogisk støttefunksjon for elevar og tilsette ved skulen, i tillegg til å gje tenester til kommunens innbyggjarar. Det er, med andre ord, ofte kjekk ungdom og energiske born innom biblioteket i skulens opningstid - men andre brukarar er sjølvsagt også alltid velkomne!

Biblioteket held til i Sandøyhagen på Harøya - ein kilometer sør for Steinshamn sentrum. Under same tak finn du òg Harøy skule, allrom og kulturskule. Sandøy kommune består av fleire øyar og det er ikkje alltid ver, vind og ferjeavgangar gjer det like enkelt å kome seg til biblioteket. Vi låner difor ut frå bibliotekets samling til bokkafeen på Ona og Sandøy handelslags bokdepot på Sandøya.

Bilde av logoen til Sandøy folkebibliotek

Opningstider

Måndag: 09:00-16:00

Tysdag:  Åpent berre for skulen

Onsdag: 11:00-18:00

Torsdag: 12:00-16:00

Fredag stengt

KontaktTlf.: 71 27 75 46

E-post: sandoy.bibliotek@sandoy.kommune.no