Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Norddal folkebibliotek > Bruk biblioteket

Bruk biblioteket

Biblioteket – ei verd av draum og fakta!
Bruk biblioteket

Ja, biblioteket er ei heil verd, du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket. Og du finn alle forteljingane, sanne og oppdikta, dei gamle og dei nye, dei som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane.

Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt finn du bøker, lydbøker, filmar, cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er sjølvsagt også staden for å gjere lekser og studere.

På biblioteket er det bibliotekarar, dei hjelper deg med å finne rett bok eller andre media.

Treng du å bestille noko frå eit av dei andre 1000 biblioteka i Norge? Bibliotekaren fiksar det.

Biblioteket er ditt. Bruk det!

Opningstider hovudbiblioteket

Måndag Stengt
Tysdag 11.00 - 18.00
Onsdag Stengt
Torsdag 11.00 - 18.00
Fredag 10.00 - 16.00

Kontakt

Tlf.: 70 25 88 80
Epost: bibliotek@norddal.kommune.no