Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Bokåret 2019

Bokåret 2019

500 år etter at den første norske boka blei trykt, inviterer Nasjonalbiblioteket til nasjonalt bokår. Bokåret 2019 skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek landet over.
I Møre og Romsdal er det mellom anna leseutfordringa "Bok på veg" lånarane vil møte på sine bibliotek. Pendlar du til jobb? Ventar du på ungane som er på trening? Eller har du berre nokre minutt ledig?
Ikkje sløs bort ventetida med rastlaus blaing på mobilen – i Bokåret 2019 bør du fylle den med ei god bok i staden! I heile fylket inviterer biblioteka til lesedugnad med eit nytt tema kvar månad. Har du meir ro i sinnet etter eit år med mindre tid på sosiale media?? Ta utfordringa, og finn det ut!
På ditt lokale bibliotek får du tips til gode bøker innanfor kvart tema. Nokre stader blir det også boksirklar eller andre arrangement knytt til dei ulike lesemånadane.
Ta turen innom ditt bibliotek!

Del på facebook

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag   14.00 - 19.00
Tysdag    12.00 - 16.00
Onsdag    11.00 - 15.00
Torsdag    14.00 - 19.00
Fredag   11.00 - 15.00
Laurdag   Sjå liste 

Laurdagsope: 28.9, 5.10, 19.10, 26.10, 9.11, 16.11, 30.11, 7.11. 

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
Epost: biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse:
Kulturhuset, Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg