Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Herøy folkebibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Historikk

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Lokalsamlinga i biblioteket er eit knutepunkt for dette, både i nærmiljøet og for andre. På lokalhistorisk avdeling ved Herøy folkebibliotek finn du samla dei fleste bøkene som er utgitt om Herøy. Det kan t.d. vere generell historie om kommunen og lokale tilhøve, om bedrifter, lag og foreiningar, om ulykker, forlis, o.l. og om personar frå Herøy, slektshistorie og gardshistorie. I tillegg har vi bøker som du kan bruke til slektsgransking. Vi har bygdebøker og årsskrift frå nærliggande kommuner. Andre bygdebøker låner vi inn frå andre bibliotek. Her finn du også lokalavisa Vestlandsnytt tilbake til 1974.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Herøy. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

 

Aktuelle nettstader:

Digitalarkivet

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal: IKA

 

 

 

 

 

 

 

 

FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN!

Opningstider

Måndag   14.00 - 19.00
Tysdag    12.00 - 16.00
Onsdag    11.00 - 15.00
Torsdag    14.00 - 19.00
Fredag   11.00 - 15.00
Laurdag   Sjå liste 

Laurdagsope: 28.9, 5.10, 19.10, 26.10, 9.11, 16.11, 30.11, 7.11. 

Kontakt

Tlf.: 948 89 342
Epost: biblioteket@heroy.kommune.no
Besøksadresse:
Kulturhuset, Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg