Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fræna folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

 

Når er biblioteket ope? Opningstidene våre finn du her

Koster det noko å få lånekort? Nei, det er gratis å få lånekort første gong. Les meir om lånekort her.

Kva gjer eg om eg mistar lånekortet? Du får nytt kort ved å henvende deg i skranken.

Koster det noko å låne? Det er gratis å låne, men dersom det går over lånefristen, må du betale purregebyr. For meir informasjon, sjå lånereglane.

Kan eg låne så mykje eg vil? Det er inga begrensningar på kor mykje du kan låne om gongen.

Kor lang er lånetida? Lånetida for dei ulike medietypane er forskjellig. Sjå lånereglane for fullstendig oversikt.

Kan eg levere bøker når biblioteket er stengt? Ja, du kan levere dei i ei luke ved døra.

Har dere lesesal og grupperom? Ja, vi har ein lesesal med femten plassar, og eit grupperom med plass til 6 personar. Vi har også bord fleire stader i lokalane våre der det går an å lese og å ha gruppearbeid.

Er biblioteket tilgjengelig for rullestolbrukere? Ja.

Eg er fjernstudent og lurer på om biblioteket kan hjelpe meg med å skaffe litteratur eg treng i samband med studiene? Ja, vi bestiller pensum- og støttelitteratur for studenter, så lenge dette er tilgjengelig i andre bibliotek i Norge. Les meir om fjernlån her. Vi oppfordrar studentar å ta kontakt med biblioteket på studiestaden sin om kva tenester dei kan tilby sine studentar. Bibliotekene på universitet og høgskular har til dømes tilgang til databaser som folkebiblioteka ikkje har.

Har dere kopimaskin for publikum? Nei, men bare spør i skranken så kopierer betjeningen.

Attesterer dere kopier? Ja. Man må ha med originalar og legitimasjon.

Kan eg låne PC med internett hos dere? Ja, vi har to publikumsmaskinar. Det er gratis å bruke PC, men utskriftar koster kr 2,- pr. side.

Har dere trådløst nett? Ja, vi har trådløst nett som du kan koble deg til med bærbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Tilbodet er gratis. Det er også tilgjengelege stikkontaktar ved behov for lading på lesesalen og andre stader i biblioteket.

Kan lånerne gå på magasinet på eigenhand? Magasinet er ope for publikum, her finn du ein del litt eldre skjønnlitteratur for born, ungdom og vaksne, skuespill, lyrikk og faglitteratur.

Er det lov å spise og drikke i biblioteket? Du kan drikke kaffe eller te, men ikkje ta med mat. Dersom du bruker lesesalen kan du ta med mat og drikke.

Har dere toalett/stellerom? Ja, det er publikumstoalett og handikaptoalett, men ikkje eige stellerom i biblioteket.

 

 

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no