Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Søk

Biblioteket sin katalog inneheld alt materiale i biblioteket, både bøker, lydbøker, filmar og mykje meir. Det er mange måter å søke på, t.d. på tittel, forfattar eller emne. Finn du noko du har lyst til å låne kan du legge inn bestilling og du vil få beskjed når materialet er klart for henting på biblioteket.

Andre stader å søkje

Om du ikkje finn det du er på jakt etter hos oss, kan du prøve andre stader:

Regionalt samsøk for søk i ressursar i folkebibliotek i Møre og Romsdal. Normal leveringstid for ledig materiell er 1-5 dagar.

Samsøk for søk i ressursar i folkebibliotek i heile Noreg etter fylke - når du ikkje finn det du søkjer i Møre og Romsdal, eller når det du ser etter har tilknyting til ein annan landsdel. Normal leveringstid for ledig materiell er 4-10 dagar.

Bibsok.no er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket. Finn bøker, filmar, spel og musikk frå norske bibliotek på nett. Bestill og hent på det lokale biblioteket ditt.

BIBSYS Ask er ein bok- og tidsskriftbase for universitetsbiblioteka, Nasjonalbiblioteket og dei fleste høgskulebiblioteka i Noreg. For å få bestilt materiale frå desse biblioteka må du ta kontakt med det lokale folkebiblioteket.

Opningstider (gjeld ikkje sommartid, sjå aktuelt)

Måndag  11.00  - 16.00
Tysdag 11.00 -   19.00 
Onsdag 11.00 - 16.00
Torsdag 11.00 - 19.00
Fredag 11.00 - 16.00
Laurdag 10.00 - 14.00

 

Kontakt

Tlf.: 71 26 28 80
Fax: 71 26 27 16
Epost: frana.bibliotek@frana.kommune.no